tirsdag 16. juni 2009

Skammarserien

Skammarserien av forfattaren Lene Kaaberbøl består av fire bøker:

- Skammarens Dotter
- Skammarteiknet
- Slangens Gåve
- Skammarkrigen

Bøkene handlar om Dina som har arva ein eigenskap frå mora, og det er skammaraugene. Det gjer at berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar dei har gjort. Dette er også noko av grunnen til at Dina nesten ikkje har nokre venner.
Men ein dag når skammaren (mora til Dina) blir kalla til Dunarkborga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina kome mora til unnsetning.

Dette er ein bokserie som er ufatteleg spennande å lese. Vi får følge Dina gjennom alle bøkene, og alt det ho må gjennomgå, folk ho blir kjend med og ting ho blir tvinga til å gjere. Ein av fleire fantastiske seriar av Lene Kaaberbøl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar