tirsdag 16. juni 2009

Jordmoren

Jordmoren er ein bokserie der det kjem ut ei bok i månaden, og no har det komt ut til saman 26 bøker, og det kjem fortsatt fleire.

Jordmoren handlar om Astri som skulle utdanne seg til lege sidan det var det faren henna ville, men ho blei sjuk, og fikk ikkje gjort ferdig studiane. Så då utdanna ho seg til jordmor istede, slik ho alltid ville, til tross for at faren ikkje ville det. 
Til slutt blir ho ansatt som Jordmor i Sæterdalen, og der skjer det litt av kvart. 
Astri har også ein kjæreste som heiter Trond som ho er hemmeleg forlova med, sidan faren ikkje likar han pga. faren til Trond. Astri fikk også ein beundrar i då ho tok jordmorutdanninga si i Bergen. Men då ho flytta til Sæterdalen møtte ho Lars som er sønnen til Ola som er ordføraren i Sæterdalen. Lars blir forelska i Astri og etter eit par år i Sæterdalen giftar dei seg. Etter ei stund har Astri blitt gravid, men etter kvart som ungen veks finn Lars ut at ungen ikkje er hans, men Trond sin.

Dette er ein utruleg spennande bokserie om død og liv, krig og kjærleik. Nokre bøker kan vere kjedeligare enn andre, men det skjer alltid noko spennande i alle bøkene.

3 kommentarer:

  1. Hei, jeg har personlig ikke lest noen av de fra Jordmoren, men mamma er en ivrig leser av de! Det er fint at du gir boktips og forteller om de, men er det noen bøker du faktisk ikke synes noe veldig om? Hadde vært gøy å se deg skrive om bøker som faktisk ikke var så bra i dine øyne. Eller kanskje alle bøkene du har lest er bra, rett og slett?

    SvarSlett
  2. ja, kanskje det hadde vert ein idè. Takk.
    Hehe, neei, alle bøkene eg har lest har ikkje alltid vert like bra.

    SvarSlett