tirsdag 15. september 2009

Nettside

Ei side der vi kan blandt anna finne serien om Jordmoren og Sagaen om Sunniva er:
www.norskeserier.no/norskeserier.htm  Der kan ein blandt anna sjå små trailera som er laga ut i frå bøkene, men dette betyr desverre heller ikkje at det blir film av dei. 

Sagaen om Sunniva

Sagaen om Sunniva kom først og fremst som ei "prøve" i posten sidan det var ein ny serie, noko i den dur i vert fall. Men eg fant no i vert fall ut at eg kunne prøve å lese den, og du steike, ditta var ei spennande bok! Men det har endå ikkje komt fleire enn 2 bøker ut i serien, så eg kan vel eigentleg ikkje sei så mykje endå. Men bok 2 er også utruleg bra synest eg.

I bokserien har vi fjølvsagt Sunniva som kjem frå gården Elvestad. Der bur ho med sin far og mor, lillesøster og lillebror, og besteforeldra. Det bur tjenestefolk der også.
Så har vi også gården Besserud der Gaute bur saman med foreldra sine.Gaute er også Sunniva sin "festermann" som då vil seie forlovede eller noko slikt.
Året er også 1349, då svartedauden kom. 
Sunniva fikk også svartedauden og kunne vel mest sannsynleg ha dødd om ikkje Anders som er dreng (gårdsgut) på Elvestad hadde svidd byllane vekk, noko som endre med arr i fjeset til Sunniva.