tirsdag 16. juni 2009

Jordmoren

Jordmoren er ein bokserie der det kjem ut ei bok i månaden, og no har det komt ut til saman 26 bøker, og det kjem fortsatt fleire.

Jordmoren handlar om Astri som skulle utdanne seg til lege sidan det var det faren henna ville, men ho blei sjuk, og fikk ikkje gjort ferdig studiane. Så då utdanna ho seg til jordmor istede, slik ho alltid ville, til tross for at faren ikkje ville det. 
Til slutt blir ho ansatt som Jordmor i Sæterdalen, og der skjer det litt av kvart. 
Astri har også ein kjæreste som heiter Trond som ho er hemmeleg forlova med, sidan faren ikkje likar han pga. faren til Trond. Astri fikk også ein beundrar i då ho tok jordmorutdanninga si i Bergen. Men då ho flytta til Sæterdalen møtte ho Lars som er sønnen til Ola som er ordføraren i Sæterdalen. Lars blir forelska i Astri og etter eit par år i Sæterdalen giftar dei seg. Etter ei stund har Astri blitt gravid, men etter kvart som ungen veks finn Lars ut at ungen ikkje er hans, men Trond sin.

Dette er ein utruleg spennande bokserie om død og liv, krig og kjærleik. Nokre bøker kan vere kjedeligare enn andre, men det skjer alltid noko spennande i alle bøkene.

Historien om Katriona Teresadatter

Historien om Katriona Teresadatter av Lene Kaaberbøl har tre bøker i serien:

- Sølvhesten
- Hermelinen
- Isfuglen

Bøkene handlar om Katriona som bur på mora si vertshus ilag med mora, stefaren og søskena. Ho kjem ikkje overens med stefaren, og blir til slutt difor sendt vekk for å lære om fargar.
Men ein før ho vart sendt vekk, kom det ei ridande på ein sølvhest, også kjend som ein 'Bredinari'.
Og det er dette Katriona ønskjer om å bli, og stikk difor av frå der ho lærer om fargar, og møter då på ein som er Bredinari, og blir god venn med han. 

Katriona bøkene er ei spennande bokserie, der vi følgjer Katriona frå vertshuset til mora, på fargegarden og heilt til ho blir ein Bredinari. Dette er ein spennande bokserie for barn og unge, og er ganske lette og lese.

Skammarserien

Skammarserien av forfattaren Lene Kaaberbøl består av fire bøker:

- Skammarens Dotter
- Skammarteiknet
- Slangens Gåve
- Skammarkrigen

Bøkene handlar om Dina som har arva ein eigenskap frå mora, og det er skammaraugene. Det gjer at berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar dei har gjort. Dette er også noko av grunnen til at Dina nesten ikkje har nokre venner.
Men ein dag når skammaren (mora til Dina) blir kalla til Dunarkborga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina kome mora til unnsetning.

Dette er ein bokserie som er ufatteleg spennande å lese. Vi får følge Dina gjennom alle bøkene, og alt det ho må gjennomgå, folk ho blir kjend med og ting ho blir tvinga til å gjere. Ein av fleire fantastiske seriar av Lene Kaaberbøl.

De Fire Og Han Som Gjør Galt Verre

De Fire Og Han Som Gjør Galt Verre
Forfatter: Hans Frederik Follestad

Boka handlar om dei fire kameratane, Ilderen Bambo Fohrtwo, pandaen Hutte Meg Tu, vaskebjørnen Pepper Bihf og elgen Salt Ehfan. Og dei skal redde verden. Kampen mellom de gode og det onde.
Men så har vi også 'Han som gjør galt vere' som er skilpadda Jesper Schtadig, og han kan vi vel sei er ein skikkelig sjølvdiggar og i tillegg er han rik. 

Det er ein triologi på 3 bøker, Begynnelsen, Fortsettelsen og slutten.
Bøkene er heilt fantastiske, og det er heilt rett at dei passa frå alle i alderen av 12 - 90 år, for aldri har eg lese nokre bøker som kan vere så morosame og samtidig spennande! 
Bøkene tar deg med inn i ein magiverden ein aldri har sett maken til, og er ei bok ein gjerne kunne tenke seg å lese opp igjen eller til andre. Las det også bak i boka der folk tydelegvis hadde skreve brev eller noko til Hans Frederik Follestad (forfattaren) og der var det folk som aldri har lest ei einaste bok før, og som kanskje til og med hatar å lese bøker, som har lest ut denne bok triologien på rekordfart. Bøkene er verkeleg til å anbefalle!

Nokre som har lest desse bøkene?
Kva synest du om dei?

mandag 15. juni 2009

Et glass melk takk

Et glass melk takk.
Forfatter: Herbjørg Wassmo

Dette er ein sterk roman om håpløshet, drømmer og overlevelse. Boka handlar om 15 år gamle Dorte som bur på landsbugda i Litauen, og det ho drømmer om er litt mindre fattigdom, Nikolai (bakerens sønn) og at faren var i live. Men ein dag får ho eit tilbod om å vere med for å jobbe på ein restaurant i Stocholm, og reiser dit i smug, utan å seie ifrå til mora eller Vera (søstera) om at ho reiser. Men ho skal slettes ikkje jobbe på ein restaurant, og til slutt, endar ho opp som prostituert i Noreg.

Det eg meinar om boka, er at det er ei veldig sterk bok, men veldig spennande å lese om korleis Dorte kjem seg igjennom alt dette. Sjølv om boka kan begynne litt kjedelig, så er det ikkje mange sidene til dit spenninga begynner. 
Nokre som har lest denne? Kva synest dåke om boka?

søndag 14. juni 2009

Twilight

Twilight. Serien er vel verdenskjend med dei fire bøkene; Twilight, New moon, Eclipse og Brak dawn, kan eg nesten tenke meg...

Alle veit vel kva serien handlar om. Om Bella som er eit vanleg menneske med dårleg koordinasjon og Edward som er ein vampyr, så blir Bella forelska i han og han føle seg vel tiltrukke av lukta hennas, så blir no dei sammen til slutt då. Men alt dette veit nok sikkert alle.

Så kva synest eg, og alle andre om bøkene?
Eg synest i vert fall bøkene er heilt fantastiske! Det var rett og slett trist då eg var ferdige med dei, men då eg fant ut at det skulle komme - om den ikkje allerede er komt - ei bok som heite Midnight sun, så steig humøret litt i vert fall. 
Men Twilight bøkene er rett og slett heilt fantastiske. Det føles ut som om ein blir tatt med inn i ein anna verden samtidig som du fortsatt er i din eigen. Og kven kunne vel ikkje tenke seg å bytte plass med Bella? 
Av og til kunne ein vel også ønske at det var slik virkelgegheiten var, at det faktisk fantest ein vampyr som Edward og som ein plutseleg kunne møte på og bli sammen med. Men slik er desverre ikkje den virkelege kjedelege verden.
Men eit stort pluss, er jo at det blir laga film av bokserien. Eg hadde vel eigentleg større forhåpningar til den første filmen; Twilight, men men... Synest filmen var strålandes fordiom, er og sikkert ein av dei filmane eg har sett opp igjen flest gangar. Men gud som eg gledar med til New moon kjem ut på kino i november. Men kva synest du om Twilight bøkene?

fredag 12. juni 2009

Bokbloggen

Eg tenkte eigentleg å lage ein bokblogg om bøker eg har lest og synest er spennande. Og då tenkte eg å skrive litt om bøkene eller kva eg synest om bøkene. Men eg hadde også likt å få andre folk sine meiningar om bøkene, men også tips til andre spennande bøker!